I år underviser vi i følgjande disiplinar: Messing, sang, piano, trommer og drill. I tillegg sel vi dirigentteneste til korps.

Ønsker du elevplass er det berre å søkje. Vi har opptak kvart semester, men dersom vi har ledig kapasitet  kan du også få plass midt i eit semester.

                                                                                  

OPPLYSNINGAR OM DEI ULIKE TILBODA:

BLÅSEINSTRUMENT

Tid - Individuell undervisning - 25 minutt pr. veke.

Ver merksam på oppgjeven alder for dei ulike instrumenta (Sjå søknadsskjema). I somme høve kan det vere praktisk/naturleg å slå saman elevar i små grupper (2-4 elevar) undervisningstida blir då 50 minutt pr. veke. Korpsmedlemmar blir sette saman i grupper. Dersom nokon av desse har lyst til å ha individuell time i tillegg, går det an å søkje om det. Vedkommande blir då både medlem i korpset og elev ved Kulturskulen, og må betale for begge tilboda. 

PIANO

Tid—som for blåseinstrument.

Pianoundervisning kan du få heilt fra du går i første klasse, men om du ikkje har lært deg å lese enda, kan det vere lurt å vente til du byrjar i 2. klasse.

SANG

Tid—som for blåseinstrument.

Her får du lære å bruke stemma di, samt utvikle den vidare på lik line med andre instrument. Undervisninga blir i stor grad lagt opp etter kva du sjølv ynskjer å synge.

DRILL

Tid—60 minutt pr. veke.

Då får lære basiskunnskapane ved det å drille og vil lære meir og meir teknikk etter kvart som du mestrar koordinasjonnen mellom drillstaven og kroppen.