Tilbod

I år underviser vi i følgjande disiplinar: Treblås, messing, song, piano, trommer, gitar og el-bass. I tillegg sel vi dirigentteneste til kor og korps.
Ynskjer du elevplass er det berre å søkje. Vi har opptak kvart semester, men dersom vi har ledig kapasitet kan du også få plass midt i eit semester.
OPPLYSNINGAR OM DEI ULIKE TILBODA:
BLÅSEINSTRUMENT
Tid - Individuell undervisning - 25 minutt pr. veke.
Ver merksam på oppgjeven alder for dei ulike instrumenta (Sjå søknadsskjema). I somme høve kan det vere praktisk/naturleg å slå saman elevar i små grupper (2-4 elevar) undervisningstida blir då 50 minutt pr. veke. Korpsmedlemmar blir sette saman i grupper. Dersom nokon av desse har lyst til å ha individuell time i tillegg, går det an å søkje om det. Vedkommande blir då både medlem i korpset og elev ved Kulturskulen, og må betale for begge tilboda.
GITAR
Tid—som for blåseinstrument
Vi oppmodar særskilt om å søkje el-bass, då vi treng elevar på dette instrumentet for å kunne sette saman grupper til band. Det blir gjeve individuell opplæring men band kan vere aktuelt i samspelveker og liknande.
PIANO
Tid—som for blåseinstrument.
Pianoundervisning kan du få heilt fra du går i første klasse, men om du ikkje har lært deg å lese enda, kan det vere lurt å vente til du byrjar i 2. klasse.
SANG
Tid—som for blåseinstrument.
Her får du lære å bruke stemma di, samt utvikle den vidare på lik line med andre instrument. Undervisninga blir i stor grad lagt opp etter kva du sjølv ynskjer å synge.
