Formålet med transporttenesta er å gje funksjonshemma, som er avhengig av dør-til-dør transport, eit tilbod slik at dei kan delta i aktivitetar i nærmiljøet. TT-ordninga skal berre nyttast til fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapi eller andre reiser som vert dekt av folketrygda. TT-ordninga vert administrert av Møre og Romsdal fylke og kommunen.
 
Søknaden:                          Skriftleg på fastsett søknadsskjema.  Skjema får du ved sørvistorget.
Vedlegg:                              Legeerklæring        
Rettleiing:                           Sørvistorget kan gje nærare rettleiing knytt til ordninga
Søknadsfrist:                     15. april og 15. oktober
Behandling:                       Søknad om å bli godkjent som TT-brukar vert behandla og avgjort
                                             av ei kommunal godkjenningsnemnd. Godkjenningsnemnda har
                                             følgjande medlemmer: kommunelege, leiar for helse- og omsorgstenester og
                                             sosialkonsulent i NAV Sosiale tenester