Transportteneste for funksjonshemma (TT-ordning) |
|
Transporttenesta skal gje funksjonshemma som er avhengige av dør-til-dør-transport, eit tilbod slik at dei kan delta i aktivitetar i nærmiljøet på lik line med befolkninga elles. TT-ordninga skal berre brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapi eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.
|
Målgruppe
Funksjonshemma
|
Kriterium/vilkår
Personar som på grunn av funksjonshemminga vanskeleg kan nytte det ordinære kollektivtilbodet i kommunen. Legeerklæring skal leggjast ved søknaden.
|
Pris for tenesten
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
|
Samarbeidspartnarar
Alle fylkeskommunane er av Samferdselsdepartementet pålagd å organisere ei ordning med tilrettelagd transport.
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Denne tenesta er ikkje lovpålagd. Sjå kommunale og fylkeskommunale retningsliner.
Lover Forvaltningsloven
Retningslinjer Transporttenesta for funksjonshemma - retningsliner
|
| Praktiske opplysningar |
Skjema Transporttenesta for funksjonshemma
|
Vedlegg
Legeerklæring
|
Søknadsfrist
Søknadene vert som hovudregel behandla to gongar i året, dvs. i andre halvdel av april og i andre halvdel av oktober månad. Det er ei kommunal godkjenningsnemnd som godkjenner brukarar av TT-ordninga, og nemnda kjem saman framfor kvar godskjenningsfrist, som er 1. mai og 1. november kvart år, jfr. fylkeskommunale retningsliner. Desse er medlemmar i godkjenningsnemnda: leiar for omsorgstenester, leiar for sosiale tenester og kommunelege.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Sakshandsaming
Det vil bli gjort vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
|
Høve til å klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
|