Trus- og livssynssamfunn - tilskott |
|
Registrerte trus- og livssynssamfunn kan krevje statleg og kommunalt tilskott. Det kommunale tilskottet blir rekna ut på grunnlag av kommunen sitt budsjetterte utlegg til Den norske kyrkja, fordelt på kvart statskyrkjemedlem i kommunen. Søknad om kommunalt og statleg tilskott sendast samla.
|
Målgruppe
Trus- og livssynssamfunn
|
Kriterium/vilkår
For å ha rett til kommunal støtte må trus- eller livssynssamfunnet ha rett til statleg støtte. Det er Fylkesmannen som avgjer om eit trus- eller livssynssamfunn har rett til det statlege tilskottet. Ein kan berre krevje tilskott for medlemmer som ikkje samstundes høyrer til Den norske kyrkja eller eit anna trus- eller livssynssamfunn som får tilskott. Tilskott til trussamfunn skal gå til religiøse føremål. Tilskott til livssynssamfunn skal gå til føremål som fell inn under virket som livssynssamfunn.
|
Pris for tenesten
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
|
Samarbeidspartnarar
Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Lover Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) Lov om tilskott til livssynssamfunn Lov om trudomssamfunn og ymist anna
Forskriftar Forskrift om registrerte og uregistrerte trossamfunn Forskrift om tilskot til livssynssamfunn
Retningslinjer Kommunalt tilskudd til tros- og livssynssamfunn (rundskriv) Tilskudd til tros- og livssynssamfunn 2011 (rundskriv)
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Leiaren for det styrande organet til trus- eller livssynssamfunnet sender ein skriftleg søknad.
|
Vedlegg
- Organisasjonsnummer frå Einingsregisteret (meir informasjon får du frå Brønnøysundregistra, tlf: 75 00 75 00)
- Rekneskap og årsmelding frå ev. føregåande tilskottsår
- Oversikt over fødselsnummer for alle medlemmer med rett til tilskott. For samfunn med meir enn 100 medlemmer skal oversikten liggje føre digitalt på diskett eller CD-rom
|
Søknadsfrist
Innan 1. april for det året det blir søkt om støtte for
|
Send søknaden til
Søknaden om statleg og kommunalt tilskott skal ikkje sendast til kommunen, men til Fylkesmannen i det fylket der samfunnet har hovudsetet sitt.
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Sakshandsaming
Fylkesmannen vidaresender medlemsoversikt med fødselsnummer til Brønnøysundregistra. Brønnøysundregistra kontrollerer alle fødselsnumra opp mot det sentrale folkeregisteret. Det vil berre bli utbetalt tilskott for medlemmer med gyldig fødselsnummer.
|
Høve til å klage
Organisasjonen kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå vedtaket blei mottatt. Klaga skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal det førast opp kva ein ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Fylkesmannen behandlar klager over kommunale vedtak om tilskott. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.
|