Tryggleiksalarm |
|
Bur du aleine og treng å tilkalle hjelp i akutte situasjonar, kan du søkje om tryggingsalarm. Tryggingsalarmen er knytta til ein vaktsentral, som formidlar kontakt vidare til heimesjukepleia. Vaktsentralen eller personell frå kommunen rykkjer ut heile døgeret dersom alarmen går.
Sandøy kommune har avtale med Brannvakta i Ålesund om mottak og formidling av alarmar, til helsepersonell i Sandøy kommune.
|
Målgruppe
Eldre, funksjonshemma og andre som kan kjenne seg utrygge ved å bu aleine.
|
Pris for tenesten Tenesta er frå 1.august 2008, gratis. Jfr. at tenesta vert gjeve i staden for helsehjelp, personbistand.
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Tryggingsalarm er ikkje ei lovpålagd teneste, men kan ytast dersom du treng hjelp som gir rett til tenesta etter helse- og omsorgstenestelova.
Lover Forvaltningsloven Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 - Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester
Forskriftar Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om tryggingsalarm, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
Eining for omsorgstenester
v/ inntaksnemd for omsorgssaker
Sandøytunet
6487 Harøy
|
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
|