|
Tryggleiksalarm 2010-05-26 Formidling av tryggleiksalarm er lagt til omsorgstenester. Alarmane er tilknytta 110 sentral, Ålesund Brannvesen.
|
||||||||
|
Målgruppe:
Tryggleiksalarm er eit ikkje lovpålagt tenestetilbod som Sandøy kommune tilbyr. Siktemålet med alarm er at det kan føre til eit tryggare tilvere for menneske med ulik grad av helsesvikt. Det er ei fagleg vurdering av behovet som avgjer tildeling av tryggleiksalarm. Tenesta gjeld for alle brukargrupper uansett alder og diagnose. Det er ein føresetnad ved tildeling av alarm at heimesjukpleia får nøkkel til husveret, slik at ein har høve til å kome seg inn til pasienten ved utløyst alarm. Sandøy kommune har avtale med 110 tenesta Ålesund, som vidareformidlar utløyste alarmar.
For nærare opplysingar kan ein vende seg til heimesjukepleiekontoret.
Korleis gå fram?
Ein kan søkje på tenester ved å ta kontakt med Omsorgstenester, eller laste ned søknadsskjema. Søknad vert å sende til :
Sandøy kommune
Omsorgstenester
6487 Harøy
Saksgang
Saksbehandlar hentar inn naudsynte opplysingar og vedtak blir fatta. Saksbehandlingstida er inntil tre - 3 - veker.
Du har rett til å sjå dokumenta i saka i samsvar med Forvaltningslova §§ 18 og 19. Dersom du har behov for bistand med å utforme klage, kan du få hjelp til dette av tilsette i omsorgstenester/ kommunen. Organisering
Tryggleiksalarm ansvarleg er tilsett pt. i heimesjukepleia og samlokalisert i kontor med andre heimetenester i Sandøytunet. Tenesta er døgnkontinuerleg.
|
||||||||
|
|
