Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Diverse > Artikkelarkiv > Artikkel

Trykk og kvalitetsendring på SaHara vassverk sitt forsyningsområde

Nytt vatn

vannglassI dag 22.11.2011 blir det opna for det nye vatnet frå Brattvåg vassverk og inn på nettet til SaHara som forsyner Hildrestranda, Lepsøy, Haramsøy, Skuløy/Flemsøy, Fjørtoft og Sandøy kommune.

Den store forskjellen skal kunne merkast som klarare vatn.  Smaken på vatnet skal også kunne oppfattast som mindre.

Ein må føreta fleire utspylingar ute på nettet og dette kan forårsake misfarging på vatnet, då gammalt rusk i leidninga vil løsne og forflytte seg.  Dette kan ein oppleve som kortvarige trykkendringar og grums i vatnet.  Ein vil oppfordre alle til å ta ein kontroll på silar ved vassintaket og reingjere desse om nødvendig.

Om nokon merkar endringar som ikkje går fort over i innkøyringsperioden ber vi om at det blir meldt frå om dette.

Det vil i ein periode bli teke mange fleire vassprøver enn normalt for å vere sikker på at ein får ønska vasskvalitet.

Har de spørsmål, så ta kontakt med Sandøy kommune, tekniske tenester.