12. september 1998 gjennomførte Ungdommens kommunestyre (UKS) i Sandøy sitt første møte.
Føremålet med å opprette eit ungdomspolitiske utval var å auke ungdomsengasjementet for eigne livsvilkår og fritidstilbod, men og for å ansvarleggjere denne aldersgruppa, 13 til 19 år, ved å ta i bruk demokratiske spelereglar og reiskapar.
For at UKS si verksemd skal bli meir enn ein demokratisk leik, vert det årleg sett av pengar på kommunen sitt budsjett som medlemmane har full råderett over, og kan til dømes innvilge søknader om økonomisk tilskot til ulike føremål, helst ungdomsretta.
Dei siste to åra er det særleg to prosjekt UKS har arbeidd målretta med, og lykkast:
-
Maritimt Aktivitetssenter
-
Ungdomsklubben Kvalen
Representantar i Ungdommens Kommunestyre skuleåret 2016/ 2017
|
Fast medlem
|
Varamedlem
|
8.klasse | Linnea Harneshaug | Ane Sofie Huse |
Leif Røsok | Niklas Hansen | |
9. klasse | Anna Røyset Saure | Synne Breivik |
Mathias Sandøy | Jan Roar Magerøy | |
10. klasse
|
Silje Husøy Sandøy | Lovise Nielsen |
Joakim Harnes | Benjamin Aannø | |
1.vidaregåande |
Dorte Helen Myklebust
|
Marita Vasgård |
Rikard Huse |
Maksymilian Grzyb
|
|
2.vidaregåande
|
Kayla Astrid Sandøy Surowiec- NESTLEIAR
|
Ramona Molnes
|
|
Håkon Lervik
|
Sander Harnes
|
3. vidaregåande
|
LEIAR
|
|
|
|
|
I UKS sine vedtekter og reglement står det:
Ungdommens kommunestyre skal vere eit:
- talerøyr for ungdom i Sandøy kommune
- organ med avgjerdsrett i utvalde saker
- høyringsorgan i kommunale saker som vedkjem ungdom
Ungdommens kommunestyre skal arbeide for å fremje:
- best muleg levevilkår for ungdom i Sandøy kommune
- størst muleg påverknad i saker som vedkjem ungdom
- auka samfunnsmessig engasjement i aldersgruppene som Ungdommens kommunestyre representerer