Ungdomsbustadene i Sandøy
Sandøy kommune har ungdomsbustader til leige.

Harneshaugen
På Harneshaugen er det 6 ungdomsbustader. Desse bustadane er tilknytta kabel-TV.
Ønskjer du å leige ungdomsbustad, send gjerne ein søknad til Sandøy kommune, 6487 Harøy.
Når ein bustad vert ledig, vert det annonsert ved oppslag på butikkane i kommunen. Aldersgrensa for å leige ungdomsbustad er 18 år - 33 år (ved innflytting).
Husleiga er for tida kr 4500,- pr. månad. I tillegg må dei som leiger, betale inn eit depositum på 2 månadsleiger. I leiga er inkludert forsikring (ikkje innbu) og kommunale avgifter. Straum og kabel-TV kjem i tillegg.
Sjå elles vedtektene og ordensreglane for Sandøy ungdomsbustader.

Vassbethaugen
Vassbethaugen har 3 ungdomsbustader. Desse bustadene er tilknytta kabel-TV.

Jonsmarka
På Jonsmarka, Huse er det 3 ungdomsbustader.
