Ungdomsklubben Kvalen

Ungdomsklubben Kvalen vart opna i september 2006 og er eit fritidstilbod for ungdom i alderen 13 - 19 år (ungdomsskule og vidaregåande). Klubben har tilhald i første etasje på Kvalheim og inneheld kinorom, aktivitetsrom med kjøkken, datarom og verkstad. Tilsaman disponerer vi ca. 340 m2.
Formålet med klubben er å gje ungdom i kommunen ein tilhaldsstad og møteplass uavhengig av organiserte aktivitetar. Det blir lagt opp til ulike tema eller aktivitetar frå veke til veke. Sjå halvårsplan for meir informasjon om dette.
Sjå lenkje til oppstartingsoppslaget hausten 2009.
Info til deg som skal vere vakt.
I tillegg til dei vanlege aktivitetane som ein ungdomsklubb inneheld, som t.d. biljard og bordtennis, så har vi snart klar eigen verkstad. Her vil det bli eigne aktivitetar som lære om og reparasjon av moped, modellflybygging m.m.
Utstyr i klubblokalet:
Videokanon med lerret samt sorround lydanlegg
Parabol
Datamaskinar med internettilgang
Bordtennis
Airhockey
Biljard
Fotballspel
Div. bordspel
Dart
Leige av klubblokala
Klubblokala kan leigast til selskap o.l. Pris 300 kr. inntil 3 timar. 1000 kr. over 3 timar.
