Det er for tida utfrordringar knytta til vasstilførselen til Sandøya og Ona. Det er ein lekkasje på strekninga mellom øyane.

Eit dykkerselskap er innleid for å finne og reparere skaden, men dette er vêravhengig, så tidspunkt for utbetring er usikkert. 

 

Dei som bur på dei høgste punkta vil merke mest bortfall av vasstrykket. Vi oppfordrar derfor alle abbonentar til å begrense vassforbruket. Dette for å oppretthalde trykket mest muleg for alle. 

 

Oppdatering 16.07:

Feilen skal no vere utbetra. 

 

med helsing

Tekniske tenester