Utsleppsløyve |
|
Eiger du bustad, hytte, turistbedrift og liknande som ikkje er knytta til (eller kan knyttast til) offentleg avløpsanlegg, må du søkje kommunen om løyve til å sleppe ut avløpsvatn. Hvis verksemda berre slepper ut gråvatn, gjeld plikta berre dersom du har innlagt vatn. Med avløpsvatn meiner ein avløp frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom. Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som blir ført innandørs gjennom leidning. Med gråvatn meiner ein avløp frå kjøkken, bad og vaskerom (klosettavløp ikkje inkludert).
|
Kriterium/vilkår
Utsleppet er mindre enn 50 pe (personekvivalentar). Standardvilkåra går elles fram av forurensningsforskriften kap. 12. Vilkår kan òg gå fram av løyvet. Eigaren av avløpsanlegget er ansvarleg for drift og vedlikehald etter forskrifta.
Kommunen kan kontrollere at anlegget er lokalisert, bygt og drive i samsvar med vilkår som går fram av løyvet.
|
Pris for tenesten
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Lover Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) § 22 Krav til utførelse av avløpsanlegg
Forskriftar Forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) kap. 12 Krav til utslipp av sanitært avløpsvann fra bolighus, hytter og lignende
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Kommunen gjev rettleiing om vilkår, forundersøkingar og korleis du skal søkje om utsleppsløyve. Skriftleg søknad skal mellom anna innehalde desse opplysingane:
- dokumentasjon på korleis ein skal etablere og drive utslepp
- om utsleppet skal etablerast og drivast i samsvar med krava i kap. 12 i forurensningsforskriften eller om det blir søkt om fritak frå krava
- plassering av avløpsanlegg og utsleppsstad på kart
- interesser som ein trur etableringa får følgjer for, til dømes drikkevatn
Partar og andre som saka kan få følgjer for, skal ha varsel om innhaldet i søknaden. Kopi av varselet sendast kommunen. Eventuelle fråsegner skal leggjast ved søknaden.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Sakshandsaming
Kommunen kan under søknadsbehandlinga fastsetje krav som skil seg frå kap. 12 i forskrifta eller nekte etableringa av utslepp. Når kommunen avgjer om det skal fastsetjast andre krav, skal det leggjast vekt på ureiningsulemper samanlikna med dei føremona og ulempane som tiltaket elles vil medføre.
|
Saksbehandlingstid
Fullstendig søknad om utsleppsløyve som er i samsvar med krava i kap. 12 i forskrifta, skal avgjerast av kommunen innan seks veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort saka før fristen har gått ut, kan ein rekne med at løyvet er gjeve såframt det ikkje er nokon grunn til å tru at nokon av partane vil vere misnøgde med dette. Fullstendig søknad med krav som skil seg frå forskrifta, skal avgjerast så snart som mogleg.
|
Høve til å klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klaga sendast dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til klagenemnda.
|