Her kan du få informasjon om veret vårt, flo og fjøre samt skipstrafikken i det nære farvatnet
VIND OG VÊR I DAG, I MORGON OG NÆR FRAMTID
Jau, vi er opptekne av vêret, som samtaletema, men og fordi vindforholda, nedbøren, temperaturen ofte er premissleverandørar for korleis vi planlegg arbeidsdagen, trimturen, fisketuren, reisa, besøket, hagearbeidet osb….
Klikk her så kan Meteorologiske Institutt gi deg planleggingshjelp
Klikk her så kan du samanlikne med Storm sine vêrprofetiar
FLO OG FJØRE
Særleg for hummar- og krabbefiskarane er havet sine ulike nivå i løpet av døgeret viktig informasjon. Men og for turgåarar langs fjøra, badeinteresserte og planlegging av ein skjergardsafari. I særlege ekstremhøve har havstanden og betydning for den ordinære rute- og ferjetrafikken.
Klikk her og du vert informert om korleis havet stig og fell i løpet av døgeret vi er inne i
SKIPSTRAFIKKEN I NÆROMRÅDA
Skipsleia vår, enten innomskjers eller utomskjers, er rimeleg sterkt trafikkert. Ulik tonnasje tek seg fram i ulikt farvatn.
Du kan klikke her, og eit oversiktleg sjøverts trafikkart vil kome opp.
