Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Verjemål

Den som blir umyndiggjort, skal ha verje. Det gjeld òg mindreårige som ikkje har pårørande med foreldreansvar. Ved andre tilfelle blir det oppnemnt ei hjelpeverje. Mandatet for hjelpeverja skal vere avgrensa til det den myndige ikkje klarar sjølv. Føremålet med bruk av verje er å verne og hjelpe personar som ikkje kan ivareta dei rettslege og økonomiske interessene sine godt nok.

Overformynderiet i kvar kommune oppnemner og fører tilsyn med verja og forvaltar den umyndige sine midlar dersom dei overstig kr 75 000. Midlar under kr 75 000 blir forvalta av verja når ikkje anna er bestemt. Myndigheitsområdet for ei hjelpeverjes blir fastsett ved oppnemninga. Det skal ikkje gjerast meir omfattande enn nødvendig.

Målgruppe

Mindreårige, umyndiggjorte og myndige personar som på grunn av sinnsliding eller av andre årsaker ikkje kan passe sine eigne tarver.

Kriterium/vilkår

Den som har foreldreansvaret, er automatisk verje for mindreårige. For mindreårige som ikkje har slik verje, skal det oppnemnast verje. Verje blir òg oppnemnd i samband med ei umyndiggjeringssak. For å få oppnemnd hjelpeverje må dette liggje føre:

  • krav om oppnemning frå til dømes nære pårørande eller ansvarshavande lege/tilsynslege ved institusjon der vedkommande er innlagd
  • tilfredsstillande legeerklæring om at vedkommande på grunn av sinnsliding, andre psykiske forstyrringar, senil demens, psykisk utviklingshemming eller fysisk funksjonshemming ikkje kan passe sine eigne tarver
  • samtykke frå den som skal ha oppnemnd hjelpeverje dersom det ikkje går fram av legeerklæringa at innhenting av samtykke er umogleg eller utilrådeleg av særlege grunnar
Pris for tenesten
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Serviceerklæring
Regelverk

Lover
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
Lov om umyndiggjørelse (umyndiggjørelsesloven)
Lov om vergemål for umyndige (vergemålsloven)

Forskriftar
Forskrift om plassering av umyndiges midler
Praktiske opplysningar
Send søknaden til

Søknad om oppnemning sendast til overformynderiet i den kommunen den verjetrengande er busett.

Sandøy kommune

6487 Harøy

Høve til å klage

Dersom du ikkje er tilfreds med avgjerda i verjemålssaker, til dømes når det gjeld utnemning av verje, kan du klage på avgjerda innan tre veker etter at du har mottatt underretninga. Klagen sendast til Fylkesmannen. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Har Fylkesmannen tatt avgjerda i første instans, vil Justisdepartementet vere klageinstans.